Bjarne Kvalsvik er uroa:

– Tida går og restlevetida minkar

Bjarne Kvalsvik fryktar at tida renn ut for Nerlandsøybrua.

Bru: Det begynner å haste med å avgjere lagnaden for Nerlandsøybrua i Herøy. Brua opna i 1968. Arkiv  Foto: Knut Arne Aarset

Nyheter

– I sist møte i samferdselsutvalet vart vi lova at det skulle kome sak om Nerlandsøybrua i neste veke. No kom saklista til møtet, og brua står ikkje på saklista, seier Bjarne Kvalsvik, som er uavhengig representant i utvalet.