Amfetaminsak:

Dømd til to år og seks månader fengsel

Ein mann i 30-åra frå søre Sunnmøre er dømd for oppbevaring av 2,4 kilo amfetamin.

Søre Sunnmøre tingrett.  Foto: Anne-Mari Tomasgard

Nyheter

Søre Sunnmøre tingrett har dømt ein mann i 30-åra til fengsel i to år og seks månader. Eitt år og fire månader av straffa er utsett med prøvetid i tre år.

Mannen blei arrestert i januar i fjor og sat då varetektsfengsla i 67 dagar. Desse dagane går til frådrag i straffa.


Kurer tok bussen frå Oslo til Sunnmøre med 3,8 kilo amfetamin

Gøymde narko på låven

Kvinna tok bussen til Sunnmøre med fleire kilo amfetamin i bagasjen. 2,4 kilo blei levert til ein mann på ytre søre. Resten skulle til Ålesund.

 

Nær fire kilo amfetamin

Mannen møtte nyleg i Søre Sunnmøre tingrett saman med ei Oslo-kvinne i 50-åra . Dei var tiltalt for oppbevaring av til saman nær fire kilo amfetamin.

Kvinna har forklart at ho var kurer for å finansiere eige forbruk. Ho har vedgått at ho tok bussen til Sunnmøre og først leverte amfetamin til mannen i ei bygd på søre Sunnmøre.

Deretter reiste ho til Ålesund, der planen var å levere resten av stoffet. Så langt kom ho aldri, sidan ho blei pågripen av politiet med 1,4 kilo amfetamin i bagasjen.

Kvinna har vore tung rusmisbrukar i over 40 år og får no ein sjanse til å kome seg ut av misbruket. Ho er dømd til fengsel i to år og åtte månader, men får utsett straffa i tre år på vilkår av at ho gjennomfører narkotikaprogram med domstolkontroll.

Tilstod tidleg

Retten meiner at fire år fengsel er rett utgangspunkt som straff for mannen, men gir frådrag for tilståing og lang liggetid. Saka låg åtte månader hos politiet, utan at det skjedde noko, trass i at mannen tilstod i første avhøyr.

På den andre sida er det straffskjerpande at mannen er domfelt åtte gonger tidlegare for narkotikalovbrot, også like før lovbrotet han no er dømd for.

Verd nær ein million kroner

Omsetningsverdien for stoffet som mannen oppbevarte på ein låve, er på oppunder ein million kroner. Retten meiner at det er stor spreiingsfare ved oppbevaring av så store mengder amfetamin.

Mannen har forklart at han er heilt slutta med narkotika og har klart å rehabilitert seg sjølv. Ved å gjere ein stor del av dommen på vilkår er det ei sterk oppmoding til å unngå nye lovbrot, heiter det i dommen.



Må svare for fleire kilo med amfetamin

Ein mann frå ei lita bygd på Sunnmøre møter neste veke i retten saman med ei kvinne frå Oslo. Begge er tiltalt for oppbevaring av store mengder narkotika.