Vil ikkje erstatte Nerlandsøybrua med senketunnel

Kostnadene på ein senketunnel i staden for ny bru til Nerlandsøy i Herøy vil koste opp mot 750 millionar kroner. Ei heilt ny bru har no kome opp i 450 millionar kroner.

Bru: Det begynner å haste med å avgjere lagnaden for Nerlandsøybrua i Herøy. Brua opna i 1968.   Foto: Knut Arne Aarset

Når ein senketunnel blir for dyr, er det ny bru som er det mest realistiske

Bjarne Kvalsvik
Nyheter

I fylket sin økonomiplan er det sett av 210 millionar kroner til ny Nerlandsøybru, og fylkesadministrasjonen vil ikkje tilrå å gå vidare med senketunnel.