Lesarinnlegg om vegen Glomset-Valle:

«Ikkje over 15 meter, takk!»

Stengt: Etter trøbbel for flere vogntog på glatta på vegen mellom Magerholm og Valle, har Statens vegvesen valt å vinterstenge vegen for store køyretøy. Det likar sjåfør Terje Nygård frå Sykkylven dårleg.  Foto: Privat

Nyheter

Den beste måten for å ta livet av din fiende er å kutte av forsyningslinjene hans, slik at han etter kvart vil gå tom for alt han treng for å leve og for å yte motstand. Djengis Khan, historisk kanskje den største militære strategen, elska denne framgangsmåten.

No trur eg ikkje at nokon i Statens vegvesen ynskjer og gå i Djengis Khan sine fotspor. Men dei følgjer same sporet når dei stenger veg 656 Vallevegen mellom Glomset og Magerholm for køyretøy over 15 meter.

Isolert sett, er nok ideen genial for dei få, men på same tid eit hån mot industribygdene Stranda og Sykkylven. Denne vegen har vi brukt i 50 år. I dag blei eg stoppa av eit skilt, sjølv på tørr asfalt medan sola skein.

Meiner vinterstenging av Glomset for trailerar berre er ein liten del av løysinga

– Det store problemet på Glomset er den høge farta

Å vinterstenge vegen på Glomset for vogntog over 15 meter vil hjelpe, men kor mykje? Det spør Gunnar Hauge som meiner folk må sjå heilskapen.



– Bør stenges hele året

– Glomsetvegen bør stenges hele året for vogntog over 15 meter.

 

Det var dette eg frykta med bygging av Nordøyvegen. Vi manglar infrastruktur mellom strategisk viktige plassar, og no stenger vi tilkomsten til dei som skulle hatt prioritet først. Vi har ei kunnskapslaus forvaltning som verkeleg tar all transport for gitt.

Skal vi stenge alle andre vegar med høg vanskegrad i same slengen. Kva med Hellesylt-Grodås. Eller Liabygda-Stordal. Eller Larsnes-Gursken. Kva med Strandafjellet eller Ørskogsfjellet. Det står trailerar fast på glatt veg her og.

Eg trur ikkje folk flest tenkjer over kva ressursar som skal til for å få ei vare fram til butikken, og tilbake igjen. Men det hadde vore ein start at nokon i vegvesenet visste det. Då hadde dei brukt ressursane på å opne vegane framfor å stenge dei, slik dei har blitt ekspertar på i det siste. For uansett i kva himmelretning du vel å dra, så vil du når dag går mot kveld møte ein stengd veg.


Dette fører til at alle i transportbransjen skal utføre jobben på same tidspunkt av døgnet. Då blir sekunda viktige. Eit tap av eitt minutt kan sende deg fire plassar bak i laste- og lossekøen. Kva kan vel ikkje eit kvarter gjere då? Dette kjem i tillegg til transportetappen, som er lang nok i seg sjølv. Ein blir i sum veldig pressa på tid.

Eg vil med dette oppmode dei ansvarlege med å fjerne skilta snarast mogleg, og ber industrieigarar på Stranda og Sykkylven henge seg på med same krav. Respektlaust tull kallar eg slikt.

Terje Nygård
Sjåfør i VD transport, Sykkylven

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.