Stor trafikk med farleg gods på ferjene til Nordøyane under tunneldriving

Tonnevis med sprengstoff

Statens vegvesen har ingen planar om å setje inn ekstra ferjer til Nordøyane når dei fraktar sprengstoff.

Farleg gods: Tankbilar tek med seg opp mot 30 tonn brannfarleg gods som er ingrediensar i sprengstoff. I tillegg blir det mange lass med reint sprengstoff i dei næraste åra. Med farleg gods kan ferja berre ta med seg 12 passasjerar, men dette blir varsla på SMS på førehand.  Foto: Staale Wattø

Vi trur ikkje dette blir noko stort problem

Marianne Nærø
Nyheter

Trafikken av store køyretøy på ferjene er aukande, og fleire gongar den siste tida har ferjene hatt redusert kapasitet fordi ein har hatt med seg farleg gods.