Rettssak om skade på freda jugendstilhus:

Huseigar meiner freda hus skulle vore sikra før sprenging

– Dårleg vedlikehald kan ikkje vere eit argument. Ein kan ikkje sprenge ved Colosseum og vise til manglande vedlikehald om det går gale.

Freda: Selskapet Storgata 23 AS kjøpte det freda huset i Ålesund sentrum like før hendinga som no har ført selskapet til retten. Saka handlar ikkje om store summar, men om prinsipp for begge partar.   Foto: Staale Wattø

Nyheter

Det sa dagleg leiar Bjarte Borlaug i Storgata 23 AS i forklaringa si for Søre Sunnmøre tingrett onsdag.