Trang veg førte lastebil i grøfta

– Ein veldig utsatt veg, seier vitne.

Ulykke: Denne lastebilen havnet i grøfta på strekninga Leine-Voldsund i Herøy.  Foto: SMP-TIPSER

Nyheter

Operasjonsleiar Sindre Molnes i Møre og Romsdal politidistrikt fortel at politiet fekk melding kl. 13.17 om ein lastebil som hamna i grøfta på strekninga Leine-Voldsund i Herøy.

– Lastebilen skal ha blitt passert av ein personbil på ein veg som er litt trang. Så har lastebilen bikka i sakte fart i grøfta.

Partane har fylt ut skademeldingsskjema, og Molnes fortel at dei ikkje anser dette som ein politisak.

– Partane er ueinige om kven som har skuld i forhold. Det får vere opp til forsikringsselskapet å ta den vurderinga.

Kirsti Vattøy, som bur i området, var vitne til ulykka.

– Dette er en veldig utsatt veg, og det er berre eit spørsmål om tid før det skjer ei alvorleg ulykke. Det må skje noko med denne vegen, seier ho til Sunnmørsposten.