Fylkeskommunen vil redusere utviding på Digerneset

Grunna utsynet mot Skodjebruene, vil ikkje Møre og Romsdal fylkeskommune tilrå at Skodje kommune utvider nordsida av Digerneset Næringspark så mykje som dei har tenkt.

Verna: Omsynet til landskapskonteksten dei verna Skodjebruene er bygd i veg tyngst når Fylkesutvalet vil redusere utvidinga av nordområdet på Digernes.  Foto: Staale Wattø

Nyheter

Dette kjem fram i eit saksinnlegg til Fylkesutvalet sitt møte måndag 25. mars. Skodje kommune ønskjer å utvide næringsparken på Digerneset mot nord. 20. februar i år sendte fylkesrådmannen eit brev, der han tilrår å redusere utvidinga av området, dette så det blir att ein naturleg «skalk» av naturleg landskap som skjermar mot innsyn frå Skodjebruene.