Nedkjølt kvinne vart erklært død, men var i live:

Helse Møre og Romsdal beklagar sterkt manglande behandling

Molde sjukehus stansa behandling av ein nedkjølt pasient, fordi legane trudde vedkomande var omkommen. No tar Helse Møre og Romsdal sjølvkritikk.

MOLDE: Sjukehuset i Molde skal byttes ut med et nytt på Hjelset.  Foto: Petter Sandvik

Nyheter

«Helseføretaket er glad for at kvinna overlevde og er i betring. Vi vil ta lærdom av saka og skal bruke vårt interne kvalitetssystem for å sikre at slike hendingar ikkje skjer ingen». Det skriv Helse Møre og Romsdal, som i ei pressemelding beklagar sterkt overfor kvinna og dei pårørande.


Kvinne ble erklært død – var i live

En sterkt nedkjølt kvinne ble i februar fraktet til Molde sykehus, hvor hun ble erklært død. Da hun skulle undersøkes av politiet, rørte kvinnen på seg.


Fagfolka stansa behandlinga fordi dei trudde kvinna var død – før ho fekk den helsehjelpa situasjonen i etterpåklokskapens lys tilsa at ho burde ha fått.

Helsetilsynet koplar to hendingar

Den spesielle hendinga skjedde 19. februar i år. Dagen etter melde lege ved Molde sjukehus saka inn som avvik til Helsetilsynet.

«Statens helsetilsyn har vurdert at det ikke er nødvendig med videre tilsynsmessig oppfølging i saken, men den vil bli tatt med i vurderingsgrunnlaget i en annen pågående tilsynssak», var svaret frå Helsetilsynet.

Den andre tilsynssaka omhandlar ein mann som vart funne bevisstlaus med kroppstemperatur på 23 grader i februar 2018. Etter prosedyrane skulle han ha snarast ha vorte sendt til St. Olavs, som har spesialkompetanse på gjennoppvarming av sterkt nedkjølte pasientar. Han vart ikkje sendt dit før påfølgande dag, då nye folk kom på jobb og viste til rutinane. Dette ifølge Romsdals Budstikke.

Oppdaga livsteikn saman med politiet

Helse Møre og Romsdal oppgir i pressemeldinga, om saka med den nedkjølte kvinna, følgjande hendingsforløp:

Pasienten vart funne sterkt nedkjølt utanfor heimen sin i Molde. Ein ambulanse frakta ho til Molde sjukehus. Kvinna hadde puls med bærande sirkulasjon og ein kroppstemperatur på 24 grader. I tråd med prosedyren tok lege ved Molde sjukehus kort tid etter innkomst kontakt med St. Olavs hospital i Trondheim for overflytting av pasienten og for å få rekvirert luftambulanse.

Kort tid etter og medan kvinna framleis låg til intensivbehandling i akuttmottaket ved Molde sjukehus, fekk ho hjertestans. Det blei straks sett i gong gjenoppliving. På bakgrunn av kvinna sin sjukdomshistorie vurderte legar ved St. Olavs hospital at ein overflytting av kvinna ikkje ville bidra til å styrke kvinna si prognose. Dei avslo derfor å ta imot pasienten.

På bakgrunn av dette blei behandlinga av kvinna avslutta ved Molde sjukehus. Ein lege gjennomførte vanleg dødsdiagnostikk, samt ei ultralydundersøking av kvinna sitt hjerte som ikkje viste aktivitet. Kvinna blei erklært død og pårørande blei varsla via telefon.

Ved unaturlige dødsfall skal politiet bli varsla, noko dei også blei i denne saka. Ein lege ved Molde sjukehus og politiet gjekk saman inn til kvinna som låg i eit rom i akuttmottaket. Dei oppdaga da at kvinna viste livsteikn og det blei starta intensivbehandling av kvinna. Lege ved Molde sjukehus vurderte vidare i samråd med St. Olavs hospital at kvinna skulle bli verande i Molde til vidare oppvarming og behandling. Kvinna låg innlagt ved Molde Sjukehus fram til 8. mars da ho blei skriven ut frå sjukehus.

Vil ikkje eksponerast

Kvinna og dei pårørande har godkjent at helseføretaket går ut med informasjonen som kjem fram i pressmeldinga. Dette fordi dei ønskjer å bidra til at saka blir rett opplyst.

Helse Møre og Romsdal ber om at media respekterer pårørande og kvinna sitt ønskje om å ikkje bli eksponert i media.

Den lågaste kroppstemperaturen hos eit menneske som har blitt frisk igjen, var på 13,7 grader. Den blei registrert på Universitetssykehuset Nord-Norge (UNN) i Tromsø, ifølge TV 2.


Kvinne i 90-åra har alvorlig bruddskade.

Tilstanden for en av passasjerene fra Viking Sky er endret fra kritisk til stabil.