Krev brøytestikker av tre

Plast: Volda kommune har kutta ut bambus. 

Nyheter

Naturvernforbundet i Ørsta og Volda har sett seg lei av å finne plastavfall som stammer frå brøytestikker.

«Vi lurer på om kommunen vurderer å bytte materiale i brøytestikkene til neste år? Brøytestikker i tre er nedbrytbare i naturen, og fører ikkje til plastureining».

Det skriv styremedlem Trude Nordal til Volda kommune i eit brev. Kommunen ved Edvin Løfoll i teknisk sektor har svara: «Vi har tidlegare nytta brøytestikker i bambus, men nyttar i dag stikker i plastmateriale. Det er fleire grunnar til dette. Vi nyttar mellom anna maskin til setting og inntak av stikker. Denne maskina handterer ikkje stikker av bambus (...). I den seinare tid er det på veg ny teknologi frå verksemd her i Møre og Romsdal vedkomande brøytestikker.»


Næringsteft

Brøytestikker vant en million

Selskapet Roadtech As fra Tingvoll vant Næringstreft og en million kroner for sin utvikling av måten man setter ut brøytestikker på.