– Dette er ikkje ein vindmøllepark, det er eit industriområde

Fryktar støy døgnet rundt

Planar om 150 meter høge vindturbinar skaper uro på Nordøyane.

Godt synleg: Omtrent slik vil dei åtte vindturbinane på Haramsøya sjå ut frå Longva, ifølgje utbyggingsselskapet Zephyr AS. Det som blir planlagt er 82 meter tårnhøgde og 136 meter rotordiameter, totalt 150 meters høgde. Kristin Ankile anslår ein kraftproduksjon på 110 GWh i året, tilsvarande 5.500 einebustader. Illustrasjon: Zephyr AS 

Nyheter

Ein ny rapport viser at støyen frå vindturbinane vil bli merkbar heime hos folk. Fleire bustadhus og fritidshus på Ulla får støy høgare enn det som er tillate, viser rapporten. Det utløyser krav om erstatning.