Kulturministeren døyper gigantskip søndag

Jobbar på spreng med drakehovud og hale til vikingskip

Når verdas største vikingskip skal sjøsettast på Nordfjordeid i helga, vil også eit gigantisk drakehovud pryde skipet.

vikingskip: Drakehovudet som treskjerarmeister Rolf Taraldset har skore ut, blir ein viktig og godt synleg del av Myklebustskipet. Noko arbeid står att i verkstaden, før hovudet skal tjørast og setjast på skipet før sjøsettinga laurdag.  Foto: Anne-Mari Tomasgard

Nyheter

– Det er nesten heilt klart, men litt tilpassing og små justeringar står att, seier treskjerarmeister Rolf Taraldset og viser fram drakehovudet han har liggande i verkstaden sin i Hornindal.