Politiet: Person ringde og sa at han hadde blitt påkøyrd

Skal ha skjedd i Eid klokka 21.00 tysdag kveld.

Illustrasjon  Foto: Kallestad, Gorm

Nyheter

Det var Vest politidistrikt som melde dette på Twitter.

– Meldar seier seg uskadd. Politiet er på veg til staden for undersøkingar, opplyste politiet klokka 21.27.

Etter nærare undersøkingar så viser det seg at personen var rusa, skriv Fjordenes Tidende.

– Vi har vore i kontakt med personen som var rusa og som var uklar på kva som eigentleg har skjedd. Etter å ha snakka med han og fått avklara at han ikkje var skadd, så droppa politiet å rykke ut, seier operasjonsleiar ved Vest politidistrikt, Terje Magnussen til lokalavisa.

Det har dessverre ikkje lukkast Sunnmørsposten å oppnå kontakt med Vest politidistrikt via politiet sin pressetelefon tysdag kveld.