Søkjartala til høgare utdanning er klare – både opptur og nedtur for Volda:

Færre vil bli lærararstudentar på Høgskulen i Volda

Høgskulen i Volda har auke i søkjartala for tredje året på rad. Men på dei viktige lærarutdanningane, søkk søkjartalet med 20 prosent. – Det er stort behov for fleire lærarar, seier høgskuledirektør.

Gode og dårlege nyheiter: Høgskulen i Volda har ein liten auke i søkjartala totalt, men vert også råka av den nasjonale trenden at færre vil verta lærarar.  Foto: Arkivfoto/Terje Engås

Nyheter

1380 søkjarar har Høgskulen i Volda som førsteval då dei søkte høgare utdanning denne våren. Dei skal gjere opp om 770 studieplassar. Det er ein liten auke frå i fjor, då 1367 søkte på 772 studieplassar. Og det er tredje året på rad høgskulen har auke i søkjartala.