Lekkasje på luke gjorde at vatnet rann i strie strøymer

Laga flaumvoll i Tafjord

Det vart lite søvn på gravemaskinkøyrar Audun Walle i Tafjord. Han måtte bygge flaumvoll.

GRAVEARBEID: Audun Walle vart leigd inn for å bygge ein flaumvoll i Tafjord. Han har ikkje opplevd liknande flaum i bygda. FOTO: TERJE ENGÅS 

Eg vakna halv seks fredag morgon av at det buldra og braka

Hallvar Tafjord

ELV: Dette var for kort tid sidan ein asfaltert veg i Tafjord. 

SPOR: Flaumvatnet laga djupe spor i fjellsida i Jimdalen i Tafjord.  

Nyheter

– Eg heldt på her heile torsdagskvelden, fram til halv eitt om natta. Så vart eg vekt att klokka fem fredag morgon med beskjed om at no kom det meir vatn igjen.

Vatnet flaumar nedover ein asfaltert veg i Tafjord når Sunnmørsposten besøkjer bygda.

Førebygging

Med gravemaskinen bygger Audun Walle ein jordvoll som skal førebygge og styre vatnet ned i Tafjordelva ved sidan av, om det kjem meir.

Over hovudet på oss flyg eit helikopter fram og tilbake med utstyr og personell som skal opp i fjellet.


Folk i bygda som tok kontakt med Sunnmørsposten fortalde om store vassmengder som har laga djupe sår i fjellsida, og om bulder og brak frå fjellet.

Fjorden vart dessutan farga brun av alt flaumvatnet.

Vakna av bråket

Ein av dei som høyrde og såg dei store vassmengdene var Hallvar Tafjord.

Han bur for tida i feriehuset sitt i Tafjord:

– Eg vakna halv seks fredag morgon av at det buldra og braka. Eg fekk ikkje sove att, så eg stod like godt opp og drog opp til Storsvingen for å sjå betre.

Han fortel at nokon i bygda hadde vakna av bråket allereie halv fire, og at det allereie var arbeid i gang for å styre vassmengdene då han stod opp.

Tok med seg stein

– Det kom svært mykje vatn flaumande nedover, og dette vatnet tok også med seg store mengder med stein og lausmasse. Så det skal bli litt av ein jobb å rydde opp att alt, seier Hallvar Tafjord.

– Følte du deg utrygg?

– Nei, eg har hus oppe på Brinken, så det går greitt. Men det var jo litt uklårt ei stund kor mykje vatn, stein og masse som ville kome.

Mista verdifullt vatn

Sjølv om det kanskje kunne sjå dramatisk ut, fortel kommunikasjonssjef Kari Løken i Tafjord Kraft at det aldri var fare for folk eller hus i bygda.

Det største tapet er det nok dei sjølve som må ta:

– Alt vatn er verdifullt for oss, og her har vi mista ein del vatn – utan at eg kjenner til kor mykje det er snakk om, seier Løken.

Lekkasje på ei luke

– Kva var det som førte til flaumen?

– Vi fekk ein lekkasje på ei luke i bekkeinntaket i Muldalen. Den klarte vi etter kvart å tette. Kva som var årsaka til lekkasjen på denne luka, veit vi ikkje enno.

Problema var likevel ikkje over:

– Det uvanleg varme vêret gjorde at det smelta så mykje snø at det tok til å renne vatn ut av ei luke i Zakariasvatnet. No stengjer vi også den, så då skal vassføringa snart bli som normal igjen, sa Kari Løken til avisa fredag ettermiddag.

To vasskjelder

Tafjord Kraft opplyser at kraftstasjonen Tafjord 4 får vatn både frå Zakariasvatnet og eit bekkeinntak i Muldalen.

Vatnet blir ført fram til kraftstasjonen gjennom lange tunnelar i fjellet.

Zakariasdammen er denne våren under renovering. Kommunikasjonssjefen legg til at lekkasjen får ingen konsekvensar for denne renoveringa.

For første gong på 25 år kan ein gå tørrskodd i Zakariasdammen

På 1960-talet var det gardsdrift her. Så vart bruka lagt under vatn. Vi gjekk denne veka gjennom tunet på Nedste-Rødal.