Ørsta gjorde reint bord

- Dette er ein fantastisk dag, seier Even Myklebust etter hingsteutstillinga for fjordhest på Nordfjordeid.
Nyheter

Treåringen Silverjo vart nummer ein i kvalitet og spiss, og han er fødd i Ørsta og oppdretta av Jan Even Myklebust. Even Myklebust sin eigen Alme Baronen vart spiss i klassen for eldre hingstar, og saman med Knut Rasmus Hjelle frå Eid har han også Fjelltor som vart Dagens Hest på utstillinga etter å ha vore stilt til avkomstvurdering.