Hareid er blitt presentert som treigast i landet på byggesaker

Hareid kommune har vorte presentert som ei byggesakssinke overfor lesarane til Hallingdølen og Aftenposten.

Har ei forklaring: Ho var førebudd på at det kunne kome spørsmål, einingsleiar for plan, byggesak og geodata, Silja Øvrelid. Byggesaksbehandlinga var i mange år svært langsam, men er no normalisert. Gamle saker, som endeleg har vorte behandla, kom med i 2018-statistikken og gav ein solid «baksmell».  Foto: Ingvild Aursøy Måseide / Vikebladet Vestposten

Frå siste halvår i 2017 har vi rydda opp.

Einingsleiar Silja Øvrelid i Hareid kommune
Nyheter

Både Aftenposten og lokalavisa Hallingdølen har i nyheitsartiklar oppgitt Hareid kommune som treigast i landet på å behandle byggesaker.