Nytt håp for Vigra Kringkastar

Riksantikvaren er open for å vurdere på nytt om Vigra Kringkastar kan ha nasjonalhistorisk verdi.

RIVAST: Norkring, som er eigd av Telenor, ventar på å få rive bygningar og det gamle sendeanlegget på Vigra, etter at Fylkeskonservatoren i Møre og Romsdal i fjor sommar freda eigedomen midlertidig. Saka er anka til Miljøverndepartementet. I tillegg til radiohistorie, ønsker den aktive venneforeininga å få fleire med på laget for å etablere eit senter for demokrati i bygningane.   Foto: Privat

Nyheter

Det går fram av eit notat som Fylkeskonservatoren i Møre og Romsdal har sendt til Miljøverndepartementet i samband med eventuell riving av det gamle sendaranlegget.