Må drive 403 millionar billigare årleg fra 2022

Det blir ikkje lett for ny-direktør Nils Kvernmo å få Helse Møre og Romsdal i økonomisk balanse.

Nils Kvernmo er både eigarstyringsdirektør i Helse Midt-Norge og konstituert adm. dir. i Helse Møre og Romsdal.   Foto: Marius Simensen

Nyheter

– For å oppnå eit resultat på 60 mill. kroner neste år vil det vere naudsynt å effektivisere for 148 mill. kroner i 2020, ytterlegare 157 og 98 mill. kroner i 2021 og 2022 for å oppnå dei resultatkrava som er sett. Totalt betyr dette at driftsnivået må reduserast med 403 mill. kroner årleg frå og med 2022 målt mot driftsnivået (prognose) i 2019, skriv konst. direktør Nils Kvernmo i langtidsbudsjettet som skal leggast fram for styret.