Fødeavdelinga

Bunadsgeriljaen vann første slag

Bunadsgeriljaen til støtte for fødeavdelinga i Kristiansund, fekk ein førebels siger, då styret i Helse Møre og Romsdal i samrøystes vedtok å utsetje nedlegging og samanslåinga med Molde.

Bunadgeriljaen Leiaren for Bunadsgeriljaen, Anja Cecilie Solvik, følgde nøye med i styremøtet og konstaterer ein førebels siger. 

Nyheter

Styret gjekk inn for ei utsetjing av saka, og ønsker ei nærare konkretisering av samanslåingsprosessen. Ein ønsker også eit betre faktagrunnlag for å ta ei avgjerd. Allereie til neste styremøte ber styret om å få ein gjennomgang av påstandar om faktagrunnlaget for fleire innspel som er kome i saka.

Førebels

Men sigeren for Bunadsgeriljaen er berre ein førebels siger. Konstituert administrerande direktør Nils Kvernmo signaliserte at saka kjem opp att, men det er uklart når. Han held fast på at helseføretaket er i ein akutt økonomisk situasjon, og at det har vore ein føresetnad at avdelingane i Molde og Kristiansund skulle slås saman før det nye sjukehuset kjem på plass.

Kvernmo har invitert forkjemparane mot samanslåinga til eit møte for om mogleg rydde unna mistydingar. Under debatten støtta alle styrerepresentantane som tok ordet, forslaget vil vedtak.

"Utmattingskrig"

- Dette er ein utmattingskrig. Eg må be administrasjonen snarast kome med si nye innstilling i saka, sa leiaren for bunadsgeriljaen, Anja Cevilie Solvik, då vedtaket vart gjort.


Utviklingsplanen for Helse Møre og Romsdal for åra 2019-2022 slo fast at fødesamanslåinga mellom Kristiansund og Molde skal skje i god tid før innflytting i det nye Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR). Prosessen skulle vere i gang allereie i 2019.

Bunadskledde kvinner aksjonerte i Oslo

Med kampropet «Trygghet for barn og mor. Vi vil ha føden der vi bor», samla bunadskledde seg tysdag utanfor Stortinget for å aksjonere for fødeavdelingar.


Samde om samanslåing

Ifølgje saksutgreiinga til styremøtet har det samla fagmiljøet i Nordmøre og Romsdal sidan 2005 vore samde om at ei samling av dei to fagmiljøa er einaste berekraftige utviklinga for fagområdet, slik at det blir ei robust og meir rekrutteringsattraktiv fødeavdeling. Ein har ikkje vore samde om når og kvar ei slik samling skal skje. I styremøte i mars vedtok styret ei samanslåing av fødeavdelingane i Kristiansund og Molde. Saka omfatta både årsakene til samanslåing, driftsmodell, lokalisering av døgntilbodet og tidspunkt. Det blei vedtatt at tidspunkt for samanslåing skulle vere 19. august i år.

Nedleggelsen av fødetilbudet i Kristiansund ble ikke stanset

Fødeavdelingen i Kristiansund ble ikke reddet av helsekomiteen i Stortinget. De fødendes framtid bestemmes dermed av helseforetaket styre 15. mai.


Skapte uro

Vedtaket om fødesamanslåing utløyste mykje uro internt i helseføretaket og blant kommunar og andre samarbeidspartnar.

Leiar:


- Basert på ei løpande risikovurdering av situasjonen som utvikla seg i tida etter styremøtet uttalte tidlegare administrerande direktør (Espen Remme) 11. april at han ville fremme ei sak for styret i mai med forslag om ei utsetting av samanslåinga. Vurderinga som låg til grunn var at ein ikkje lenger hadde god nok kontroll med driftssituasjonen og føretaket si samla evne til å levere forsvarlege helsetenester, heiter det i saksframstillinga til styrerepresentantane i Helse Møre og Romsdal (HMR).

Ville utsetje

Tidlegare administrerande direktør såg at ein måtte bruke meir tid på dette og understreka samtidig at grunnlaget i saksutgreiinga låg fast.

Konstituert administrerande direktør, Nils Kvernmo, fremja forslaget om å utsette gjennomføring av fødesamanslåinga i Kristiansund og Molde. Saksgrunnlaget frå tidlegare vedtak ligg elles fast. I saka som vart presentert styremedlemmane byggjer grunnlaget på tidlegare administrerande direktør si vurdering av situasjonen, men det er også andre forhold som har betyding i saka.

Se samanhangar

- Det bør utarbeidast ei meir samla organisasjonsutviklingsretning mot SNR (det nye felles sjukehuset) for Kristiansund sjukehus og Molde sjukehus. Fagleg standardisering og det pågåande regionale og lokale arbeidet med beredskap og følgjeteneste for gravide og fødande verkar også inn. Det er altså fleire forhold som må sjåast i samanheng og som bør konkretiserast meir før administrerande direktør kan kome tilbake til styret med ein meir konkret plan for fødesamanslåinga, utviklingsretninga mot SNR og ei samla oppgåve- og funksjonsdeling. Den konstituerte administrerande direktøren må sørge for ein god prosess for dette. Den uroa vedtaket utløyste har medført stort engasjement og mange innspel, som det ikkje vore høve til å svare ut på ein god og samla måte før styremøtet.

Styrevedtak

I vedtaket heiter det at styret sluttar seg til utsetting av samanslåing av fødeavdelingane i Kristiansund og Molde.

Styret ber administrerande direktør å kome tilbake med ei styresak som gir ei nærare konkretisering av samanslåingsprosessen. Han skal henge saman med ei samla organisasjonsutviklingsretning mot det nye sjukehuset for Nordmøre og Romsdal (SNR) og ei samla oppgåve- og funksjonsdeling.

Styret ber administrerande direktør på neste styremøte å legge fram ei sak som greier ut for dei påstandar om feil i faktagrunnlag i sak 26/19, vedlegg 4 om fødeavdelinga, som er sett fram i vedlegg 10 og 11 i sak 34/19, og som er sett i samanheng med dei brev som er komne. Styret ber om at utgreiinga konkluderer med eventuelle endringar i tidlegare framsett faktagrunnlag.