«Supert» å vere cruiseturist på Eid

– Heilt supert! Vêret er nydeleg og alle har eit smil om munnen. Slik oppsummerte Kerstin Jahn frå Leipzig første cruisedagen på Eid.
Nyheter

Ein kunne knapt vore meir heldig med det ein ikkje kan gjere noko med – vêret – då cruisekaia på Nordfjordeid opna tysdag med cruiseskipet AIDAperla. Det var om lag 20 herlege varmegrader i lufta, noko som stimulerte til både kaféliv og gatevandring.