Jordmor dømd til fengsel

Jordmora var rusa på jobb og hadde ansvar for ei fødande kvinne. No er ho dømd til fengsel.

Fengsel: Sunnmøre tingrett har dømt ei jordmor til fengsel etter at ho var rusa på jobb.  Foto: Berit Roald

Nyheter

Sunnmøre tingrett har dømt ei jordmor i 50-åra til fengsel i 45 dagar, etter at ho stal ampullar med morfinpreparat frå fødeavdelinga der ho var vikar.