Motorsykkel av vegen i Sula

Politiet rykker ut etter melding om ei trafikkulykke mellom Langevåg og Vedde i Sula kommune.
Nyheter

Det skriv Møre og Romsdal politidistrikt i ei twittermelding. Ulukka blei meldt klokka 09.33.

Ein motorsykkel skal ha køyrd av vegen i Holskrysset like etter Vedde på fylkesveg 657.

Klokka 10 melder politiet at førar av motorsykkelen er oppegåande og blir handsama av helsepersonell på staden.

Årsak til ulukka er ikkje kjent. Trafikken går greitt forbi staden, det var ingen andre involverte.