Tre til lege etter påkjørsel

Ein vaksen og to barn er køyrde til legevakta etter ei trafikkulukke på Magerholm laurdag ettermiddag.
Nyheter

Tre personar framstår som lettare skadde etter ei trafikkulukke på fylkesveg 60 ved avkøyrsel til Magerholm like etter klokka 15 laurdag ettermiddag.

Ifølgje politiet i Møre og Romsdal skal ein bil ha blitt påkøyrt bakfrå. I bilen som blei påkøyrd var det tre personar, ein vaksen og to barn, og dei blei alle køyrde til legevakta etter ulukka.

Politiet var på staden og tok avhøyr.

Førarkortet til førar som køyrde i den andre bilen blei beslaglagt på staden.