Hellbillies og heftige bilar kjem til Stryn

Konsert: Hellbillies held utekonsert i Stryn laurdag.  Foto: Pressefoto

Nyheter

Det er igjen klart for motor, musikk og moro i Stryn. 10.000 besøkjande er venta til bygda i løpet av helga.

Motorfestivalen går frå fredag 31. mai til søndag 2. juni.

Hellbillies har fått det ærefulle oppdraget å innvie nye Per Bolstad plass med utekonsert- og dans laurdag kveld.

Festival nr. 13

Men det er likevel bilane som tek mest plass. Laurdag er den store bildagen under festivalen, forresten den 13. festivalen i rekkja.

Laurdag er det nemleg klart for storbilparade, kåring av bilar - og dragrace ved brannstasjonen. Og det siste kan passe bra, for det kjem verkeleg til å ryke.

Nypussa

I det heile så blir Stryn fylt opp av heftige køyretøy denne helga.

Her blir det vist fram alt frå amcar og veteranbilar til motorsyklar og gatebilar. Alle er nypussa og glinsande reine.

Ei rekkje bedrifter skal presentere seg under festivalen. De fleste blir å finne ved storbil-avdelinga ved Strynehallen.