Eid: Slåsskamp på utestad

Nyheter

Natt til laurdag rykka politiet ut, etter melding om slåssing ved ein utestad på Nordfjordeid.

Då politiet kom til staden hadde situasjonen roa seg, men ei ordensvakt som skal ha fått eit glas i hovudet vart sendt til legevakta. Her er skadeomfanget ukjent. Vidare vart ein gjest som hadde fått eit kutt over auget behandla på staden av helsepersonell.