No brakar det laust i Sykkylven

Konsertar med Rotlaus og Tor Endresen, veteranbilparade, moteshow og Barnas kulturdag.

SPELAR: Bandet Rotlaus opptrer under Sykkylvsdagane. Det skjer laurdag 8. juni..  Foto: Pressefoto

Tor Endresen.  Foto: Pressefoto

Nyheter

Det er berre noko av det ein vil få oppleve under årets utgåve av Sykkylvsdagane, som går frå 5. til 9. juni.

Arrangørar er som vanleg av Sykkylven Handelsforening. Difor er det ikkje overraskande at dei også lokkar med ekstra gode tilbod i butikkane desse dagane.

Barnas kulturdag

Sykkylvsdagane vert, tradisjonen tru, opna av ordførar Odd Jostein Drotninghaug (Sp). Deretter brakar det laust med Barnas kulturdag, der Arild Leikanger Aure er programleiar. Han byr på mange innslag med barneskuleelevar frå heile bygda.

Onsdag kveld er det Gospelkveld i Sykkylven kyrkje, med Sykkylven gospelkor, Credo Brass, Credo Vokal og Blue Horn jazzband med vokalist Margrethe Velle Ødegård.

Thomas tivoli skal vere på plass ved godsterminalen, dei held ope frå torsdag til og med laurdagen.

Torsdag er det klart for moteshow i teltet, med Silje Bay og Linda Sandvær som programleiarar. Det blir også kulturkveld ved Møbelmuseet torsdag.

Quiz

Fredag blir det mange innslag på Sentrum Scene. Ein får høyre både The Signs, Saft Suse og Isak Shorty. Fredag er også guiz-dag, som alltid med Olav Harald Ulstein som quizmaster.

Laurdag er det utstilling av nye bilar ved godsterminalområdet, veteranbilparade og musikk ved Sykkylven janitsjarorkester. Distriktsprisen 2019 skal også delast ut denne dagen.

Om ettermiddagen laurdag er det gratiskonsert med Tor Endresen med band på Sentrum Scene.

Laurdagskvelden går vegen til Sykkylven storhall, der bandet Rotlaus ventar på scena. Bandet er ettertrakta landet over, så arrangørane er glade for å ha sikra seg dette bandet.