Helsepersonell i Møre og Romsdal:

Redd for å bli overkøyrt frå Trondheim

Den største risikoen med milliardprosjektet Helseplattforma er at kommunane, fastlegane og avtalespesialistane ikkje kjøper det, seier kommuneoverlege Tom Christiansen.

Illustrasjon. Møre og Romsdal er med på å betale for Helseplattforma, men det er usikkert kor mykje helsepersonell i fylket får bli med på utviklingsarbeidet som startar i haust.  Foto: Microstock/NTB scanpix

Nyheter

Helsepersonell i Møre og Romsdal er redd for å bli overkøyrt frå Trondheim når Helseplattforma, den nye pasientjournalen, skal gjerast brukarvenleg. I august startar arbeidet for full maskin og varer i tre år fram til 2022. Rundt 500 personar skal involverast på deltid eller heiltid, opplyser Sigrun Engen i Helseplattforma.