To gamle slitarar møttest på Skansekaia tysdag

Sjeldan møte mellom gamle søstrer

Då MS «Lofoten» la til på Skansekaia før turen gjekk vidare til Geiranger, låg storesøstera, gamle MS «Harald Jarl», der.

Gamle vener: Det tidlegare hurtigruteskipet «Harald Jarl» no cruiseskipet «Serenissima» ligg ved Skansekaia i Ålesund når hurtigruteskipet «Lofoten» legg til aust på kaien.  Foto: Staale Wattø

Nyheter

«Harald Jarl» vart bygd på Trondhjems Mekaniske Verksted i 1960 og gjekk 52 år i hurtigrutetrafikk langs norskekysten. Etter det, har skipet vorte ombygd fleire gongar.