Forseinka oppstart for hybrid-skip

Forseinkingar ved Ulstein verft gjer at hybrid-skipet «Color Hybrid» får forseinka oppstart.

Hybrid: Verdas største plug-in hybrid skip blir bygd ved Ulstein verft. Skipet skal inn på ruta mellom Sandefjord og Strømstad.   Foto: Staale Wattø

Nyheter

Det går fram av ei børsmelding frå Color Group måndag morgon. Skipet som blir karakterisert som verdas første plug-in hybrid skip blei tidlegare i juni kåra til årets skip 2019 under messa Nor-Shipping. Konsernsjef Gunvor Ulstein tok mot prisen frå HKH Kronprins Haakon på vegner av Ulstein verft.

I børsmeldinga skriv Color Group at skipet blir sett inn på ruta Strømstad-Sandefjord den 26. juli. Forseinkinga vil gi auka kostnader for reiarlaget etter reforhandlingar med Ulstein verft.

Meir aktivitet enn på lenge ved Ulstein Verft

Ved Ulstein Verft er det fullt køyr igjen, og ordreboka held verftet med arbeid utover i 2021. Vi tok oss ein prat med verftsdirektør Kristian Sætre.



Bygginga av denne båten sysselset over 800 menneske

– Det blir verkeleg eit makelaust skip, seier Jarle Auby i Color Line.