Trugar kommunen med tvangsmulkt:

Mattilsynet fryktar for vatnet i Volda

Mattilsynet er uroleg for drikkevatnet til 7200 innbyggjarar i Volda og trugar med dagmulkt.

Drikkevatn: 7200 fastbuande, høgskulen og sjukehuset er blant dei som får drikkevatn frå det kommunale vassverket Mattilsynet no er uroa for. Illustrasjonsfoto  Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB Scanpix

Nyheter

Etter ein inspeksjon hos Volda kommunale vassverk i november gav Mattilsynet Volda kommune pålegg om å utarbeide plan for reinsing ved hovudvassverket. Dette for å sikre at vasskvaliteten og leveringstryggleiken til ei kvar tid tilfredsstiller krava i regelverket.