Airbnb i Møre og Romsdal veks meir enn snittet

Airbnb har hatt stor vekst både nasjonalt og i fylket. No vil NHO Reiseliv ha rapporteringsplikt for skattetal frå utleigarane.

VEKS: Airbnb veks kraftig og har no 22 prosent av overnattingsmarknaden i Norge.   Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

Nyheter

– Ein svart hotellsektor utan tilsette er i ferd med å overta hotellmarknaden, seier NHO Reiseliv-direktør Kristin Krohn Devold i ei pressemelding.

Ferske tal syner at Airbnb har hatt ei drastisk auke i tal selde romdøgn. På landsbasis låg auka låg auka på 45 prosent i forhold til året før. Hotella hadde ei auke på berre to prosent på same tid. No står Airbnb for 22 prosent av overnattingsmarknaden i Norge.

I Ålesundregionen ligg veksten på heile 55 prosent, medan den ligg på 43 prosent i sjølve Ålesund. Molderegionen har størst vekst i fylket med 76 prosent.

I fjor vart det selt 420.986 gjestedøgn på hotella og 115.716 gjestedøgn gjennom Airbnb i Ålesundregionen.

– Myndigheitene må ta grep

– Airbnb veks og utgjer no ein reel trussel for den etablerte hotellmarknaden, som openbert mistar gjestar til Airbnb. Rapporteringsplikt for skattetal frå utleigarane av Airbnb er enda ikkje sett i verk av norske myndigheiter. No må myndigheitene ta grep og sette i verk rapporteringsplikta, og for all del ikkje gjere noko som kan forverre konkurransesituasjonen til hotella, seier Krohn Devold.

Ho seier vidare at det er uaktuelt å heve momsen på overnatting.

– Tala viser heilt tydeleg at regjeringa må hente inntekter til statsbudsjettet gjennom å krevje rapportering av Airbnb-utleige, seier ho.