Statens vegvesen med kontroll i Geiranger:

Fem bussar fekk køyreforbod på to dagar

I to dagar har Statens vegvesen kontrollert bussar i Geiranger, saman med politiet, Tolletaten, Arbeidstilsynet og Skatteetaten.

Til saman blei 51 bussjåførar fordelt på 38 bussar kontrollerte i samarbeidskontrollen onsdag og torsdag.  Foto: Statens vegvesen

Nyheter

Det melder Statens vegvesen i ei pressemelding.

Til saman blei 38 bussar kontrollert, der resultatet blei 14 skriftlege mangellappar, fire køyreforbod, to gebyr og to meldingar.



Det blei også sjekka om sjåførane overheldt køyre- og kviletids-vedtektene. 51 bussjåførar blei kontrollert, noko som resulterte i tre mangellappar, og eitt køyreforbod. Ein sjåfør blir også meldt til politiet.

– Ein av bussjåførane har juksa med kviletida ved å køyre utan sjåførkort i fartsskrivaren, og ein brukte sjåførkortet til faren som oppheld seg i utlandet. Vi har også inndratt kjennemerket på ein buss som ikkje hadde godkjent EU-kontroll, og ein sjåfør har fått køyreforbod på grunn av manglande yrkessjåførkompetanse, seier Leif Jarle Bergseth, fagleiar for utekontrollen i Møre og Romsdal i Statens vegvesen, i meldinga.

Eit vogntog blei også stoppa. Sjåfør blir meldt til politiet for brot på reglane for maks lengde.

– Den største tillatne lengda på køyretøy inn og ut av Geiranger er 15 meter, fortel Bergseth.