Espen Remme blir ny regiondirektør i NHO

Vil vere ein synleg NHO-direktør

Espen Remme blir frå nyttår næringslivet sin fremste talsperson i Møre og Romsdal. For han er det viktig å vere synleg og stå på for gode rammevilkår for bedriftene i fylket.

TOPPLEIAR: Espen Remme har lang erfaring som toppleiar. Han har vore administrerarnde direktør ved Muritunet og seinare for Helse Møre og Romsdal. Arkiv  Foto: Staale Wattø

Nyheter

– NHO må vere synleg. Det er ein viktig premissleverandør inn mot sentrale myndigheiter, for å sikre gode rammevilkår og konkurransekraft for bedriftene i framtida, seier Espen Remme.