Gamle vassleidningar er utfordringa

– Vassverka på Sunnmøre er generelt godt utstyrt og har gode rutinar. Ein skal ikkje vere redde for å drikke vatn som kjem frå kraner her.

VATN: Kristin Aamodt Støylen er seniorinspektør i Mattilsynet på Sunnmøre. Kontrollane med vassverka i år har spesielt fokus på planar for prøvetaking.  Foto: Anne-Mari Tomasgard

Nyheter

Det seier Kristin Aamodt Støylen som er seniorinspektør i Mattilsynet og ein av tre der som jobbar spesielt med drikkevatn på Sunnmøre.