Stor jobb for å sikre reint drikkevatn

Siste ti åra har Herøy Vasslag brukt 98 millionar kroner på å sikre folk i Herøy reint og godt drikkevatn.

Vassanlegg: Dagleg leiar Ragnvald Kvalsvik (t.v.) og styreleiar Per-Arne Gjerdsbakk viser korleis anlegget fungerer. Til høgre i bildet er dei to UV-anlegga som er med og sikrar vasskvaliteten.  Foto: Anne-Mari Tomasgard

Nyheter

Trygt drikkevatn kjem ikkje av seg sjølv, og ureint drikkevatn kan få katastrofale følgjer, slik ein har sett i Askøy denne sommaren. Der skal rundt 2000 menneske ha blitt sjuke av drikkevatnet. Også dødsfall blir sett i samband med ureint vatn.