Politiet la vekk sak etter påsett brann:

Tapte sak mot forsikringsselskap

Medan paret var i Amerika, brann huset deira på Sunnmøre. Forsikringsselskapet meiner huseigarane regisserte brannen og nektar å betale ut erstatning.

Brann: Sommaren for fire år sidan var det full utrykking til eit bustadhus i Herøy. Politiet fekk tidleg mistanke til at brannen var påsett. Etterforskinga vist at dette var rett, men saka er lagt vekk fordi politiet ikkje har klart å finne bevis for kven som starta brannen. Arkivfoto: Carl-Henrik Moltumyr  Foto: Carl-Henrik Moltumyr

Nyheter

Eit par som blei ramma av brann sommaren for fire år sidan har saksøkt Fremtind Forsikring AS, fordi forsikringsselskapet nektar å betale ut skadeoppgjer. Selskapet meiner brannen var regissert.