Sesongane vert stadig kortare

Stryn sommerski fryktar for framtida

– Me er svært urolege for framtida, seier Nina Lensebakken, dagleg leiar ved Stryn Sommerski til NRK Sogn og Fjordane. 

Skisenteret på Tystigbreen på Strynefjellet fryktar kroken på døra på grunn av klimaendringar.   Foto: Arkivfoto

Nyheter

Sommarskisenteret på Stryn har ifølgje NRK hatt svært korte sesongar dei siste åra. I år vart skisenteret stengt 23. juni. I fjor heldt senteret ope berre 15 dagar.

– Me har håp om at det skal snu, men det er ikkje akkurat lønnsamt å drifte når det ikkje går rundt. Det ser dystert ut, seier Lensbakken til NRK.

Statssekretær i miljødepartementet, Atle Hamar (V), har sjølv vore ein sentral person i alpinmiljøet i Møre og Romsdal, og seier han er skremd over utviklinga han har sett.

– På starten av 90-talet kunne ein rekne med at sommarskisenteret på Stryn kunne halde ope til langt ut i august, seier statssekretæren, som fryktar det kan vere over for fleire skisenter.