To varetektsfengsla etter valdssak i Ørsta

Politiet gjekk ut med etterlysing etter vitne etter ei valdshending i Hovdebygda søndag morgon.

Varetektsfengsla To unge personar er varetektsfengsla i ei veke etter ei valdshending i Hovdebygda i Ørsta i helga.  Foto: Berit Roald

Nyheter

To personar, ei ung kvinne og ein ung mann, er i dag sikta og varetektsfengsla etter hendinga, som skal ha skjedd utandørs før 10.30 søndag.

Begge er sikta etter straffelovens § 274 første ledd, som dreier seg om grov kroppsskade som har skjedd utan grunn og har karakter av overfall. Grov kroppsskade kan straffast med fengsel i inntil ti år.

Den eine, mannen, er og sikta for brot på våpenloven.

Ifølgje politiet søndag var det snakk om at den fornærma fekk brot i ein fot under valdshendinga.

I varetekt

Sunnmøre tingrett har tysdag bestemt at dei to som er sikta kan fengslast i ei veke på grunn av den alvorlege siktinga og fare for at dei vil påverke bevisa i saka. Påtalemyndigheitene ønskte to veker i varetekt for dei to.

Retten meiner det er nærliggande og reell fare for at dei sikta, dersom dei får moglegheit til det, vil prøve å samkøyre og/eller påverke andres forklaringar i saka dersom dei blir lauslatne.

Sunnmørsposten har ved fleire tilfelle tysdag forsøkt å kome i kontakt med jourhavande jurist hos Møre og Romsdal politidistrikt om denne saka.



To arrestert etter valdssak

To personar er arrestert i samband med ei valdssak i Ørsta søndag morgon. No etterlyser politiet vitne til valdshandlinga.