Her kan det bli varmerekord i helga

På Hellesylt i Stranda kan det bli opptil 34 grader i slutten av veka, melder Storm.

Hellesylt: Her kan det bli opp til 34 grader på fredag og laurdag.  Foto: Anne-Mari Tomasgard

Nyheter

Innbyggarane på Hellesylt kan bu seg på ei varm helg. Storm varslar på det beste 34 grader både fredag og laurdag.

– Det har nok endra seg litt i det siste, og dei varme temperaturane har forskyvd seg vestover, seier Isak Slettebø ved StormGeo.

Han seier at det blir Møre og Romsdal saman med Sogn og Fjordane og Hordaland som ligg an til å få dei beste temperaturane denne helga.

– Men eg trur ikkje nokon vil komme over 34 grader, seier han.


Med litt flaks blir det knallvær hele helga

– Som en australsk vinter

Skal vi tro meteorologen, kommer endelig sola og de høye temperaturene til Sunnmøre på fredag, og er vi ekstra heldig holder det gjennom hele helga.


Finvêret vil vare ut i neste veke, men det er ikkje meldt like høge varmegrader etter helga.

– Det varmaste vêret vil passere fredag eller laurdag, og trekke nordover, men det vil framleis vere fint og varmt, seier Slettebø.

Varmerekorden i fylket vart sett i Åndalsnes i fjor sommar, då dei nådde 34,7 varmegrader. Varmerekorden på Sunnmøre vart satt ved Brusdalsvatnet i Ålesund i 2014, den gong med 34 grader.


Varmerekord i Møre og Romsdal

Fredag kveld ble det målt 33,4 grader i Lærdal og dermed satt ny temperaturrekord i Sogn og Fjordane. Ny fylkesrekord ble det i Møre og Romsdal lørdag.