Leitar etter lokale isopor-syndarar

Etter tre år med aktiv strandrydding er «Plastpiratene» på Lepsøya grundig lei av å plukke isopor. Dei har bedd Fylkesmannen om hjelp til å finne ut kor søpla kjem frå.
Nyheter

– Vi som ofte er ute og plukkar søppel, ser etter kvart eit mønster. Bitar av EPS, eller isopor som vi seier til dagleg, er på topp tre-lista over søppel vi finn mest av, seier Randi Kjærstad Hagerup, som saman med Beate Amalie Kjerstad kallar seg «Plastpiratene» på Instagram.