Ørskog:

Sikta vedgår vald, men vil ikkje ta stilling til skuld

– Han har erkjent å ha utøvd vald mot begge dei to fornærma etter politiavhøyr, seier Arnt Erik Oust.

Informerer: Politiadvokat Arnt-Erik Oust.   Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB Scanpix

Nyheter

Ein mann i 30-åra er sikta etter ei grov valdshendig i Ørskog søndag 4. august.

– Sikta har forklart at han har utøvd vold mot dei to fornærma. Han har ikkje gått i detalj og ikkje villa tatt stilling til skyld, seier politiadvokaten.


Innsatsleder: – Pågrep gjerningspersonen uten dramatikk

Politiet møtte den antatte gjerningsmannen på veg til boligen.


Den sikta mannen sin advokat, Torgeir Langva, seier til Sunnmørsposten at mannen er sliten.

– Han skal ikkje i avhøyr i dag, men vil på sikt bli avhøyrt på nytt.

Advokaten bekreftar at mannen har erkjent valden i avhøyr.

Framleis kritisk

Oust fortel at tilstanden til den fornærma kvinna framleis er kritisk. Ho vart frakta til St. Olavs hospital med luftambulanse søndag ettermiddag.

Den fornærma mannen har for det meste brotskader og ligg på Ålesund sjukehus.

– Det er vesentlige brotskader i ansikt og på kropp

Offera er i 70-åra. Dei tre personane er i ein familierelasjon, men Oust kan ikkje utdjupe kva slags relasjon det er snakk om.


Den siktede erkjenner voldsbruk i Ørskog

En siktet mann i 30-årene erkjenner å utøvd vold etter en voldsepisode i Ørskog i Møre og Romsdal. Tilstanden er fortsatt kritisk for kvinnen i 70-årene.


Ikkje stikk- eller skytevåpen

Han vil ikkje kommentere kva som er politiets hovudteori på noverande tidspunkt, og seier det er for tidleg å seie noko om motiv.

– Vi vil ha ein meir utdjupande forklaring frå sikta, seier han.

Politiadvokaten kan heller ikkje fortelje noko om hendingsforløpet.

– Det er det for tidleg å seie noko om. Vi håpar å få klarlagt meir gjennom avhøyr av den sikta og dei fornærma.

Søndag ettermiddag var både krimteknikarar og politiet sin hundepatrulje på åstaden, men Oust kan ikkje seie noko om det har blitt gjort funn så langt i etterforskninga.

– Vi har ein åstad, og når vi har ei kvinne som er kritisk skada, er det klart at det er ting der vi har lyst å sjå, seier han.

Han bekreftar at det ikkje skal ha vore brukt skytevåpen eller stikkvåpen i valdshendinga.

Fengsling i dag eller i morgon

Vidare i etterforskninga vil det bli avhøyr av både sikta og familiemedlemmar, seier Oust.

– Politiet vil gå ut og prøve å få ein oversikt over kva som skal ha skjedd tidelegare, gjennom å føreta avhøyr av familiemedlemmar, og då også komme tilbake til den mannlege fornærma, seier Oust.

Den sikta vil bli framstilt for varetektsfengsling i dag eller i morgon.

Advokat Langva meiner det er mest sannsynleg at fengslinga vil skje først i morgon.

Her er saka oppsummert:


Siktet for grov kroppsskade mot to familiemedlemmer

En mann i 30-åra er sikta for grov kroppsskade etter en voldshendelse i Ørskog. Tilstanden skal være kritisk for en kvinne i 70-åra som ble sendt til St. Olavs Hospital med luftambulanse.