Auka busskapasitet under Jugendfest

Slik blir kollektivtrafikken under Jugendfest og Den norske matfestivalen

Illustrasjonsfoto. 

Nyheter

FRAM sine rutebussar følger normal tidtabell under festivalen, men det blir satt opp ekstra bussar slik at det blir større kapasitet på dei tidene det er flest reisande. Det opplyser trafikkselskapet i ei pressemelding.

Momentium set opp eigne bussar ved konsertslutt fredag og laurdag til Magerholm, Sula, Skodje/Sjøholt, Ørsta/Volda, Brattvåg, Hareid/Ulsteinvik/Fosnavåg, Vestnes ferjekai (korresponderer med ferje til Molde), Brattvåg og Ytterland/Valderøya og Molde. Sjå nettsida til Momentium for meir informasjon. Billett til desse bussane kan kjøpast på Tikkio.

Matfestivalen

Under rigginga til Den Norske Matfestivalen og under sjølve festivalen vil busshaldeplassen på Skateflua vere stengd. Dette gjeld i perioden 19. – 26. august. I denne perioden vil ikkje rute 250, flybussrute 651, 652 og FRAM Ekspress rute 100 køyre til eller frå Skateflukaia. Vi ber dei reisande om å bruke Rutebilstasjonen.