Nye Ålesund:

Hege Steinsland blir leiar for innbyggartorga

Kvar av dei fem kommunane som no går inn i nye Ålesund, vil ha sitt eige innbyggartorg der dei no har kommunesenter. Hege Steinsland er tilsett som leiar.

Leiar: Hege Steinsland skal leie innbyggartorga ved dei gamle kommunesentera i nye Ålesund.   Foto: privat

Nyheter

Her skal innbyggarane få informasjon om kommunale tenester, samt får rettleiing og hjelp med skjema og søknader. I tillegg skal ein kunne avtale møte med ein saksbehandlar.

Hege Steinsland er no tilsett som leiar for innbyggartorga. Frå 1. september vil ho starte i stillinga i 30 prosent, før ho trer over i 100 prosent stilling frå nyttår.

Felles arena

Steinsland jobbar i dag som prosessrettleiar i Relasjonsutvikling i Brattvåg og har frå tidlegare pedagogisk erfaring frå Høgskolen i Ålesund. Ho har ein mastergrad i relasjonsleiing frå NTNU.

I den nye stillinga skal ho leie innbyggartorga som samlar bibliotek, frivilligsentralar og servicetorg.

Målet med innbyggartorga skal vere å gi innbyggarane ein stad for samfunnsutvikling og nærdemokrati, og ein felles arena for dei brukarretta tenestene i kommunen.