Lasta ned teiknefilmar og tekstar om overgrep mot barn

Ein sunnmøring i 50-åra er dømd for å ha oppbevart tekstar og animasjonsfilmar som skildrar seksuelle overgrep mot barn.

Sunnmøre tingrett. Illustrasjonsbilde  Foto: Stig Vågnes

Nyheter

Mannen i 50-åra søkte etter pornografisk materiale på internett og lasta ned for å sjå på det seinare. Ifølgje forklaringa hans i Sunnmøre tingrett søkte han ikkje bevisst etter ulovleg materiale, men har fått det med når han lasta ned det andre, i stort omfang.

Sunnmøre tingrett har no dømt mannen for å ha oppbevart både tekstar, bilde og animasjonsfilmar med ulovleg innhald. Nedlastinga har skjedd i ein knapp tiårsperiode.

Engelske noveller

På pc-en til mannen fann politiet 447 dokument med tekstar som skildrar seksuelle overgrep mot barn.

Dette skal ha vore noveller skrivne på engelsk, som handlar om vaksne menn og mindreårige jenter. Tekstane handlar ifølgje dommen om seksuelle handlingar mot spedbarn og oppover til 17-årsalder, med overvekt på jenter i alderen 12 til 14 år.

Det ulovlege materialet omfattar også 161 dataanimerte bilde eller teikningar som framstiller barn seksuelt, samt 17 bilde av mindreårige jenter, 21 filmar som inneheld dataanimerte overgrep mot barn og 11 såkalla GIF-filer som inneheld teikna/dataanimerte overgrep mot barn.

Dømd for ulovleg oppbevaring av våpen

Mannen har tilstått det han no er dømd for, men seier han ikkje var klar over at tekstleg og animert materiale med slikt innhald var ulovleg.

For ei tid tilbake blei mannen dømd til eitt år fengsel for ulovleg oppbevaring av store mengder våpen. Halve straffa var på vilkår.

No er han dømd til fengsel i 90 dagar. Dette er ei tilleggsstraff til den andre dommen, sidan alle forholda skjedde før han blei dømd sist.