Lettare skadd etter bil og moped kolliderte

Nyheter

I 16-tida måndag melde Møre og Romsdal politidistrikt om eit trafikkuhell i Ristevegen i Volda. Meldinga gjekk ut på at bil og moped hadde kollidert.

– Førar av mopeden, ein mann i 40-åra, er av ambulanse køyrd til legevakt for sjekk. Hadde litt smerter og framstod lettare skadd, skreiv politiet i ei twittermelding etter ulukka.