LO vil auke valdeltakinga

Berre så vidt over halvparten stemte ved førre lokalval i Ålesund. Det håpar LO dei kan gjere noko med i år.

Stand: LO sto på stand under Matfestivalen for å oppfordre folk til å bruke stemmeretten sin ved det kommande valet. Frå venstre: Siri Vik Bakken, Svein-Ivar Sæthre og Bjørn Steffensen.   Foto: Synne Grimen Hammervoll

Nyheter

I 2015 var Ålesund ein av dei ti kommunane med lågast valdeltaking i Norge, med 52,3 prosent. På landsbasis låg valdeltakinga på 60,2 prosent.

Ålesund hadde òg lågast valdeltaking blant dei fem kommunane som no skal bli éin. Haram og Skodje hadde begge 57 prosent valdeltaking, medan Ørskog og Sandøy låg på høvesvis 62 og 68 prosent.

– Vi har nokon historiske variasjonar i Norge. Generelt er det ti prosent lågare valdeltaking i Nord-Norge. Bærum er vanlegvis på topp når det gjeld valdeltaking, seier valforskar Anders Todal Jenssen.

Han er overraska over den låge valdeltakinga i Ålesund i 2015, og er usikker på kva som kan ligge til grunn.

– Var det nokon skandalar som råka det største partiet? spør han.

Sjølv om Ålesund ved dei siste tre vala låg under på statistikken, tykkjer han ikkje det er store avvik det er snakk om.

– Nokon må ligge litt under og nokon må ligge litt over, seier han.

Tradisjon, økonomi og utdanning

Todal Jenssen fortel at variasjonane gjerne kjem av økonomiske og utdanningsmessige forhold men òg tradisjonar.

– Nokon stader i landet er ein flinkare til å fortelje ungdom korleis val føregår og kva som er forventa.

Noko som avgjer er om folk føler plikt til å stemme. Blant dei som gjer det er valdeltakinga oppe i 90 prosent, ifølge valforskaren.

– Men dei som kjenner plikt til å stemme har ikkje fleirtal, seier han.

Når det er svak valdeltaking, er det især to parti som blir hardare råka, seier han. Arbeidarpartiet og Framstegspartiet har tendensar til å gjere det dårlegare ved låg valdeltaking.

Ved dei siste vala har utviklinga i valdeltakinga stort sett vore positiv, seier Todal Jenssen. Ein kan sjå ein topp i statistikken i 2011, både nasjonalt og regionalt, som valforskaren meiner er påverka av 22. juli-terroren.

Kommunereforma kan påverke

I år trur valforskaren at valdeltakinga vil variere ein del frå kommune til kommune.

– Det er ein del politisk mobilisering i forbindelse med sentralisering og kommunereforma. I fleire byar er det meir uvisst, fordi forskjellane mellom alternativa er beskjedne. Høgre og Arbeidarpartiet er ganske like i rikspolitikken, seier han.

– Folk må oppfatte alternativa tydeleg.

Samstundes stemmer folk gjerne meir dersom dei oppfattar valet som opent.

– Jo meir folk føler at det er fleire som kan vinne, jo meir engasjerte blir dei, seier Todal Jenssen.

Vil auke valdeltakinga

Fram mot valet skal LO drive kampanje i Ålesund for å auke valdeltakinga. Dei har sett seg eit mål med kampanjen.

– Vi håpar å løfte valdeltakinga med 2–3 prosentpoeng, og nå 55 prosent valdeltaking, seier LO-leiar Bjørn Steffensen.

Han trur det blir eit spennande val akkurat dette året med kommunesamanslåinga, og trur det kan påverke valdeltakinga.

– Eg håpar det. Men det kan slå både positivt og negativt, for det er mange som ikkje er glade for tvangssamanslåing.

– Det kan vere at mange samlar seg om sine eigne. Vi håpar at stemmetalet aukar. Vi skal i alle fall jobbe ræva av oss for at det skal skje, seier han.

– Skal ikkje prate politikk

Steffensen seier at dei ikkje skal diskutere politikk når dei skal stå på stand.

– Eg har sjølv fleire hattar, og sit i bystyret for AP, men når vi står for LO no, skal vi ikkje prate politikk, men oppfordre folk til å stemme.

Han fortel at dei likevel har ei brosjyre der LO har stilt dei lokale partileiarane spørsmål som LO sine medlemmar vil ha svar på.

Steffensen meiner at slik LO i Ålesund har forma ut kampanjen, utan politikksnakk, er det få andre i landet som har gjort det.