Sogn og Fjordane:

Fylkesutval erklærer klimakrise

Etter innbyggjarinitiativ og underskriftskampanje, vil fylkesutvalet i Sogn og Fjordane no erklære klimakrise.

Fylkesutvalet i Sogn og Fjordane.  Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune

Nyheter

Samtidig som fylkesutvalet ber fylkestinget erklære klimakrise, oppmodar dei nasjonale styresmakter om å erklære nasjonal klimakrise, skriv Sogn og Fjordane fylkeskommune i ei pressemelding.

Vedtaket i fylkesutvalet kjem som resultat av eit innbyggarinitiativ og ein underskriftskampanje. Organisasjonen World Saving Hustle har samla inn over 500 underskrifter i kampanjen «Erklær klimakrise NÅ! Sogn og Fjordane», noko som gjer at fylkestinget pliktar å ta stilling til det.

– Klima er ei av dei største utfordringane vi har, og vi held til i den landsdelen som er mest råka av ekstremvêr. Når det kjem eit slikt initiativ frå innbyggjarane våre, skal vi ta det på alvor, og ta det vidare på dei måtane og i dei foruma vi har, seier fylkesordførar Jenny Følling i pressemeldinga.

Politikarane er opptekne av at dette må vere noko meir enn eit symbolvedtak. Fleire peika på at ordet krise er eit sterkt ord, og at det bør følgje handling med når ein erklærer ei krise.

Difor meiner fylkesutvalet det er viktig at statlege styresmakter erklærer ei nasjonal klimakrise, i og med at mykje av handlingsrommet og verkemidla ligg på nasjonalt nivå.

Fylkestinget gjer endeleg vedtak i saka i oktober.