Folkeaksjonen for Volda sjukehus:

Ber minister stoppe traumekutt

– Det er når det hastar og pasientane er kritisk skada og sjuke, at hjelpa må vere nærast, meiner Folkeaksjonen for Volda sjukehus.

Akuttsjukehus: Folkeaksjonen meiner det er uforståeleg at Volda sjukehus ikkje skal vere akuttsjukehus med traumefunksjon.   Foto: Terje Engås

Nyheter

Forslaget om at Volda sjukehus ikkje skal ha traumefunksjon skal opp i styret i Helse Møre og Romsdal no i september. Folkeaksjonen for Volda sjukehus meiner det vil bryte med Nasjonal helse- og sjukehusplan, vedteken i Stortinget, om forslaget går gjennom.