Fryktar seksuelle overgrep

Herøy kommune åtvarer mot app

Kommunen meiner appen «Omegle» kan lokke barn til å eksponere seg digitalt.

Ti år gamal teneste: Herøy kommune omtalar Omegle som ein ny app. Det stemmer ikkje på verdsbasis. Den kom i 2009, og vart raskt populær.  Foto: Tarjei Engeset Ofstad (illustrasjonsbilde)

Nyheter

«Dette er ikkje ein «mobbeapp», men vi vil likevel åtvare på det sterkast mot å bruke den, då den er inngangsport for seksuell utnytting og overgrep».

Det skriv Herøy kommune på sin nettstad.

«Omegle» har 18 års aldersgrense, men kommunen kjenner til at den har vorte populær blant barn i barneskulealder.

Appen opnar for direkte, anonym videonettprat med menneske frå 190 land.


- Betalte for direkteoverføringer av overgrep på nett:

Krever ni års fengsel for overgrepstiltalt sunnmøring

Statsadvokat Ingvild Thorn Nordheim krever fengsel i ni år for den overgrepstiltalte sunnmøringen som denne uka møter i Sunnmøre tingrett, tiltalt for en rekke straffbare forhold.


«Ifølgje politiet si nettpatrulje er appen ei av dei plattformene som er hyppig i bruk som inngangsport for overgriparar som jaktar på barn og unge», skriv kommunen.

Dei åtvarar om at det er å lett for potensielle overgriparar å flytte kommunikasjonen over på ein annan plattform, når kontakt først er etablert.


Overgrepssiktet sunnmøring:

Lagret overgrepsmateriale på barnas spillmobil

Sunnmøre tingrett ble tirsdag presentert for et utvalg av overgrepsmaterialet som politiet fant hos den tiltalte sunnmøringen.